Til hovedmeny Til innhold
Barnas juleroser 2018

Barnas juleroser 2018

Varenummer: 9788242962065
Kr 129,- Kr 129,-
Kjøp

Julehefte for barn

Barnas juleroser er eit litterært julehefte for barn. Her er det bidrag frå nokre av
dei fremste barnebokforfattarane og illustratørane i vår tid. Barnas juleroser vil gi barn og heile familien gode lesestunder og kunstopplevingar i juletida.

Barnas juleroser 2018 bidreg Herborg Kråkevik, Maria Parr, Bobbie Peers, Ruth Lillegraven, A. Audhild Solberg, Andreas Wahl og mange andre.

Heftet er rikt illustrert med teikningar av prislønte illustratørar, mellom andre Øyvind Torseter, Lisa Aisato, Stian Hole og Åshild Kanstad Johnsen.

Både Juleroser og Børnenes juleroser var litterære julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. I 2015 tok Herborg Kråkevik opp tradisjonen og var redaktør for Juleroser. Samlaget er stolt over å gi ut Barnas juleroser, eit litterært julehefte for dei viktigaste lesarane våre, og slik fremje tradisjon og kvalitet for dagens barn.