Til hovedmeny Til innhold
Juleroser 2020

Juleroser 2020

Varenummer: 9788242967695
Kr 199,- Kr 199,-
Kjøp

Store kunstopplevingar til jul

Juleroser er eit nydeleg illustrert, litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid.

Som redaktør for det mest populære juleheftet i Noreg ønskjer Herborg Kråkevik å gi lesarane store kunstopplevingar til jul, i ein god balanse mellom nostalgi og modernitet. Årets tema er kransen, eit symbol på æve. Det er i år 100 år sidan Sigrid Undset gav ut Kransen, første band i trilogien om Kristin Lavransdatter, og det skriv Sigrun Slapgard om i årets hefte.

Juleroser 2020 har også bidrag frå Nina Lykke, Simon Stranger, Naja Marie Aidt, Magne Furuholmen, Mari Slaattelid, Jon Fosse, Sigrid Bonde Tusvik og fleire andre. AURORA har skrive den nye julesongen «Vinterens gåte». I tillegg får du tre flotte kunsttrykk som du kan ta ut og ramme inn.

 

Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont Kids Media Nordic AS.

Heftet

Antall sider: 95