Til hovedmeny Til innhold
Eg er ein annan

Eg er ein annan

Varenummer: 9788252196191
Kr 399,- Kr 399,-
Kjøp

Andre bok i «Septologien».

Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.

I andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for første gong, begge byrjar på Kunsthøgskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.

«Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Første boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. I år kjem den andre boka, Eg er ein annan. Den tredje og siste boka, Eit nytt namn, kjem ut i 2021.


FRÅ BOKMELDINGAR:

"'Septologien' kjem til å bli ståande som eit storverk innan norsk, nordisk, europeisk verdslitteratur."
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

"...sprek, slik ein topproman skal vere."
bok365.no

"Nytt storverk frå Jon Fosse"
Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt Land

"Jon Fosse skriver litteratur som absolutt ingen andre"
Sindre Hovdenakk, VG

"aldri før har han hatt mer å si til flere"
Knut Hoem, NRK

"vakkert og gripende"
Marius Wulfsberg, Dagbladet

 

Innbundet

Antall sider: 405