Til hovedmeny Til innhold
Halsnøy kloster

Halsnøy kloster

Varenummer: nb31268
Kr 449,- Kr 449,-
Kjøp

Det er 850 år sidan Halsnøy kloster vart oppretta, som eitt av 27 mellomalderkloster i Noreg og eitt av fem knytt til Augustinar-ordenen. Klosteret vart eit viktig senter både religiøst og kulturelt. Ved utgangen av mellomalderen var det ein mektig jordeigar som prega områda rundt i vid krins. 

Kva var bakgrunnen for at klosteret vart skipa, og kvifor vart det reist nett på Halsnøy? Kva kan arkeologiske funn fortelje om klosteranlegget? Kven var augustinarane på Halsnøy og korleis levde dei? Kvifor vart klosteret så mektig? Og kva har skjedd med klosteret etter nedlegginga?

Dette er den første samla framstillinga av klosteret si mangslungne soge frå grunnlegginga i 1163/64 fram til i dag. I alt 13 forfattarar frå så vel humanistiske som naturvitskaplege fagområde gir ei brei skildring av klosteret og klosterområdet si omfattande verksemd.

Boka er rikt illustrert.

Redaktørar: Bård Gram Økland, Jane C. S. Jünger og Ingvild Øye
Biletredaktør: Helen Petersen
Forfattarar: Irene Baug, Arild Marøy Hansen, Per Holck, Frode Iversen, Øystein J. Jansen, Jane C. S. Jünger, Hans-Emil Lidén, Dagfinn Moe, Tore Lande Moe, Egil Nysæter, Åslaug Ommundsen, Helen Petersen og Bård Gram Økland

 

Innbundet

Antall sider: 312